MAT I BARNEHAGEN.

 

KOSTHALDET er eit viktig grunnlag for barna si utvikling. Med dette erkjenner vi at kosten er avgjerande for kva barna får ut av tida si i barnehagen.

  1. Frokost: havregraut eller brødmat, grønsaker

  2. Mjølk eller vatn til måltid: Barna kan velge, men det er vaksne sitt ansvar å passe på at måltida totalt vert fullverdige.

  3. Vatn som tørstedrikk – alltid

  4. Drikkeflasker til tur

  5. Ingen juice pga allergi, syre- og sukkerinnhald

  6. Masse frukt og grønsaker kvar dag – fleire slag:
    Barna får velge, men vert oppmuntra til å prøve nye sortar

  7. Varm lunsj kvar dag: variert i løpet av ei veke

  8. Bevisst val av pålegg: unngå sukker, inn med protein, rett feitt osb

  9. Bursdagsfeiringar. Vi har oftast fruktfest der barna kan velge mellom fruktspyd, smoothie eller anna som er frukt- eller bærbasert. Næringsgod pizza er også eit ok alternativ, og erstattar den varme lunsjen den dagen.
    Maten er ikkje det viktigaste i ei bursdagfeiring: Barnet får vere i sentrum, får mellom anna velge aktivitetar, leikar.

 

Vi lager mest mulig mat frå "grunnen", minimalt med halv-og heilfabrikat.

 

Vi kjem aldri til å bli fanatiske, men på grunnlag av det vi veit om kost, gjer vi vårt beste for barna.

© 2016 Sætra Barnehage

Sætra Barnehage

Onglasætra 18, 6065 Ulsteinvik | +47 700 10002 | post@saetrabarnehage.no​​