top of page

VEDTEKTER i Sætra barnehage AS

Sætra barnehage As er registert i Einingsregisteret – 998 486 386.

1.EIGEFORM

Sætra barnehage AS er eit aksjeselskap der Perny Austnes eig 100% av aksjene.

 

2. FØREMÅL – jfr Barnehagelova § 1.

Vi jobbar bevisst med kvalitet, og vil at barnehagen vår skal vere ein meiningsfull møtestad som er prega av respekt i møtet mellom menneske. Dette vil vise i: 
- dialog mellom foreldre og personale
- dialog mellom barn og vaksne

- impulsar som vi gir til barna for å fremje den einskilde si læring og utvikling.

Meir om innhald finn du i planane våre.
Barnehagen byggjer på dei etiske grunnverdiane som mellom anna er forankra i kristendommen, og vert driven etter dei til ei kvar tid gjeldande lover og føreskrifter for barnehagedrift.

3. ALDERSGRUPPE
Sætra har 44 plassar for barn frå 0-6år.

 

4. AREAL
Barnehagen har eit godkjent leike- og opphaldsareal inne på 196,9 m2.  
Eigaren si norm for arealutnytting er 4,0 m2 inneareal pr barn over 3 år og 5,1 m2 for barn under 3 år.


5. OPNINGSTID
Opningstida er til vanleg 07.00-16.45 måndag til fredag.
Kor lenge barna er her kvar dag, er det opp til foreldra å bestemme.
Vi anbefaler ikkje lengre arbeidsdagar for barn enn for vaksne. 
Den lange opningstida reknar vi som ei svært brukarvenleg ramme for barnehagedagen.

Fleire og fleire bedrifter innfører fleksibel arbeidstid som eit gode for sine tilsette.
Dette kombinert med lang opningstid i barnehagen, trur vi er eit flott utgongspunkt for småbarnsforeldre som skal leggje til rette for gode dagar for barna og familien.

 

Vi har 5 planlegging/kursdagar i løpet av eit barnehageår. Då er barnehagen stengd. Desse vert tidfesta så fort som mogeleg etter oppstart om hausten i "Barnehageruta".

6. FERIE

Barnehagen er stengt jul/påske, og i veke 30.
Barna skal ha ferie i til saman 1månad i løpet av barnehageåret. Difor er juli betalingsfri.
Barnehagen må registrere barna sine sommarferieveker før 1.04. kvart år.  Jul/påske kan telle som ei veke.                                                                    
7. INNTAK

Barnehagen er med i samordna inntak i samarbeid med barnehagane i Ulstein kommune.

  • Barn med rett til plass vert prioritert

  • Søsken vert prioritert

  • Tidlegare brukarar/familier vert prioritert

  • Vi tek inn barn frå Ulstein kommune, tilflyttarar og barn frå regionen

  • Vi tek ikkje inn barn av foreldre som jobber i barnehagen

  • Inntak av barn under fylte 1 år ved oppstart, gjeld i regelen kun søsken etter intern vurdering. 

Opptaket er i regelen bindande for 1 år om gongen.

Plassen beheld ein så lenge ein ønskjer eller har behov for det, dersom anna ikkje er avtala ved tildeling av plass.

Dersom du seier frå deg plassen i løpet av året, td. ved flytting, må du betale plassen til eit nytt barn kjem inn, evt inntil 3 mnd etter oppseiingsmånaden.

 

8. TILVENNING
Tryggleik er ein føresetnad for barna sin trivsel.
I den første tida må difor ein av foreldra eller ein annan vaksen person som barnet har tillit til, vere med i barnehagen så lenge barnet har behov for det.
Vi har besøksordning i barnehagen før barnet startar, og for dei minste barna prøver vi i tillegg å avtale eit kort heimebesøk. Dette for å gjere tilvenninga så god som mogeleg for barnet.

Vi legg opp til noko kortare dagar i tilvenningsperioden.

Barna har ulike behov, så tilvenninga vert tilrettelagt for det einskilde barnet gjennom eit nært samarbeid mellom foreldra og leiaren for gruppa. 

9. SAMARBEID MED HEIMEN
Eit godt samarbeid med heimen er det beste grunnlaget for at barnet skal trivast og utvikle seg.
Den daglege kontakta er den viktigaste.

Av meir formelt samarbeid har vi foreldremøte, til vanleg ein eller 2 gongar i året.
Foreldresamtale om det einskilde barnet har vi to gongar i året, i oktober og Mai.
Vi tek sjølvsagt fleire samtalar ved behov.

10. SJUKDOM
Når barnet har feber, eller dersom allmenntilstanden til barnet er så dårleg at det ikkje kan gå ut, må barnet vere heime.

Trass i alle hygieniske tiltak, er barnehagen ein ideell arena for spredning av bakteriar. Vi vil derfor be foreldra om at de er solidariske i høve til kvarandre når det gjeld grensene for når de bør halde barnet heime.

 

Ved oppkast og/eller diarè gjeld 48timar i heimen etter siste oppkast eller blaute bleie. 
 

Jamfør elles eventuelle helseskriv som vert sendt ut i løpet av året.

11. MAT
Barna får all mat i barnehagen. Det blir servert varm mat kvar dag, og rikeleg med frukt og grønsaker.

Til bursdagsfeiringar har vi fruktfest, td fruktspyd, smoothie eller smoothie–is.

12. LEIKER
I barnehagen skal alle kunne bruke leikene. Vi brukar derfor barnehagen sine leiker til dagleg, og vil ikkje at barna skal ta med leiker heimanfrå.

Av sikkerheitsmessige grunnar ber vi foreldra om å sjå til at barna ikkje har med småting i lommene som kan medføre kvelningsfare for dei små, slik som "Lipsyl", pengar og liknande.
 

 

13. KLEDE – husk merking!
Regnklede og regntett fottøy og elles høvelege uteklede må barnet ha kvar dag.
Vi treng også kledeskift som ligg i barnehagen, tilpassa årstidene og barnet sine behov.

Innesko: gjerne sandalar eller lette sommarsko er nødvendig kvar dag.

Funksjonelle klede er utruleg viktig for at barnet skal få utfalde og utvikle seg godt.

 

14. FORELDREBETALING
Foreldra betalar seinast 15. i kvar månad på avtala måte.

Avtalegiro vart innført hausten 2014.

Vi har maxpris, som betyr at grunnprisen for ein full plass blir regulert av departementet. 


Det vert ikkje fråtrekk i betalinga for fråvær eller dei dagane barnehagen er stengd, berre juli som vert rekna som feriemånad uansett når de velgjer å ta ferie.
Dersom barnet er sjukt i lenger tid, td fleire veker i strekk og familien har auka utgifter i samband med dette, kan ein søkje barnehagen om å sleppe å betale i denne perioden.
Utgiftene må dokumenterast.

VED MANGLANDE BETALING KAN EIN MISSE RETTEN TIL PLASS.​


 

15. SAMARBEIDSUTVALET
Barnehagen sitt samarbeidsutval er samansett av 3 personar:

1 representant for eigar
1 representantar for tilsette
1 foreldre m/vara

Representantar for foreldre og tilsette vert valde for 2år om gongen. Samarbeidsutvalet konstituerar seg sjølv.
Ved avstemming har kvar person ei stemme. Ved stemmelikskap tel styreleiar si stemme som to.
Samarbeidsutvalet er eit samarbeidsorgan for barnehagen og foreldra.

Samarbeidsutvalet sine oppgåver er:

 

1. Sjå til at barnehagen vert driven innanfor ramma av barnehagelova, vedtektene og budsjettet.
2. Handsama barnehagen sin årsplan.
3. Vurdere budsjettet og dei prioriteringar som eigar/styrar har her.
4. Gjere endringar i vedtektene.
5. Uttale seg om personalinstruksar.

Samarbeidsutvalet skal bli førelagt saker som er viktige for barnehagen si verksemd, og uttale seg før avgjerder vert tekne. Samarbeidsutvalet skal be om foreldrerådet sitt syn i saker som må sjåast på som særleg viktige for foreldra.



16. FORELDRERÅD
Foreldrerådet er foreldre/føresette til alle barn i barnehagen.

Oppgåvene til foreldrerådet er:
1.Jobbe for eit godt samarbeid mellom heim og barnehage.
2. Foreldra kan sjølve be om å få lagt fram for seg saker som er viktige for foreldra 
sitt forhold til barnehagen. Dei har rett til å uttale seg før avgjerder vert tekne.
3. Ved avstemming i foreldreråd vert det gitt ei stemme for kvar av dei frammøtte.

Saker vert avgjorde ved simpelt fleirtal.
 

17. ENDRING I VEDTEKTENE
Samarbeidsutvalet i barnehagen avgjer endring i vedtektene.

18. INTERNKONTROLL
Barnehagen har sitt eige internkontrollsystem.
Internkontrollsystemet inneheld rutiner for HMS, branntrygging og frambod av mat.


19. UTVIKLINGSARBEID
Eigar har hovudansvaret for utviklingsarbeid i barnehagen i samarbeid med styrar.

20. TEIEPLIKT
Alle som handsamar saker etter "Lov om barnehagar", har teieplikt i samsvar med lova sin § 16.
Det er rutine i barnehagen på info og underskriving av teieplikt for alle som jobbar med barna både i kortare og lengre periodar.

 

21. POLITIATTEST

Godkjend politiattest, etter til ei kvar tid gjeldande reglar for slik attest, er ein føresetnad for å få jobbe hos oss.                

 

Revidert i SU, 28.11.2023 

                                        

bottom of page