top of page
vassleik.png

Relasjonar

 

Alt vi gjer i Sætra, byggjer på relasjonar.
Det startar alt første gong eit barn kjem inn gjennom døra vår. 
Frå første stund byggjer vi gode relasjonar, som er grunnlaget for alt samvær, all omsorg, all vekst og utvikling her i Sætra.


Men det er ikkje berre borna som treng gode relasjonar. 


Relasjonsbygging er det viktigaste momentet i samarbeidet med foreldra, og eit fantastisk utgongspunkt for eit godt arbeidsmiljø.

Relasjonar er kanskje eit trendord for somme, men det er mykje meir enn det. Omgrepet har eit levande og ”næringsrikt” innhald for all mellommenneskeleg samvære.

Å byggje gode relasjonar betyr for oss i Sætra:

  • at vi møter kvart einskildt, ulikt barn med eit personleg engasjement

  • vi behandlar barnet med respekt

  • vi lyttar til barnet

  • vi undrar oss og har TID til å lære det einskilde barnet å kjenne

 

Vi veit at dersom vi skal kunne hjelpe nokon å ”finne vegen”, må vi først finne ut kvar vedkomande ER. (fritt etter Søren Kierkegaard)

Derfor altså – er det å byggje og halde ved like gode relasjonar det viktigaste vi gjer kvar dag her i Sætra, uansett kva som elles står på planen.

Med gode relasjonar som grunnlag vert Sætra Barnehage utan tvil 
”eitt godt barndomsminne” – som er vår visjon.

bottom of page