top of page

Prisar  og opningstid i Sætra

5 Dagar kr 3000​

Kost: kr 600 

Krem: kr 10 

Bleie: kr 100

 

- SØSKENMODERASJON Det vert gitt 30% søskenmoderasjon på grunnpris frå og med born nr. 2, gratis bhg.plass for barn nr.3 osv.

 

- TENESTER:

* Barnehagen held all mat, varmmat kvar dag.

* Barnehagen kjøper inn bleiar for alle som brukar bleiar; kr 100 pr mnd. for 100%plass.

 

- BETALING vert gjort ved AvtaleGiro måte; seinast den 15. kvar månad.

FRÅ 1.MAI 2015, kan dei som har behov for det søke om redusert foreldrebetaling, alle 3-4og 5 åringar kan i tillegg søke om gratis kjernetid på 20 t/v: 
Barnehage - søknad om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid - Ulstein kommune

SØKNADSKJEMA FINN EIN PÅ ULSTEIN.KOMMUNE.NO  SINE NETTSIDER:

http://www.ulstein.kommune.no/tenester/barn-og-familie/barnehage/

 Treng du hjelp eller lurer på noko ta kontakt med dagleg leiar.

OPNINGSTID

 

Opningstida er frå 07.00-16.45 måndag til fredag.


Kor lenge barna er her kvar dag, er det opp til foreldra å bestemme.
Vi anbefaler ikkje lengre arbeidsdagar for barn enn for foreldre. 
Den lange opningstida reknar vi som ei svært brukarvenleg ramme for barnehagedagen.

Fleire og fleire bedrifter innfører fleksibel arbeidstid som eitt gode for sine tilsette.
Dette kombinert med lang opningstid i barnehagen, burde vere eit flott utgongspunkt for småbarnsforeldre som skal leggje til rette for gode dagar for barna og familien.

Planleggingsdagar

Vi har 5 planlegging/kursdagar i løpet av eit barnehageår. Då er barnehagen stengd.
Desse vert tidfesta så fort som mogeleg etter oppstart om hausten i "barnehageruta".

bottom of page