"Tenner for livet"
Tannpleiar Gunn Randi Solstad har i eit møte med barnehagestyrarane i Ulstein, understreka kor viktig det er at borna får tidleg gode helsevanar.
Rammeplanen seier at borna, gjennom det vi gjer i barnehagen, skal ”få forståelse av betydninga av gode vanar og sunt kosthald”. RP s.35,36.
God helsekunnskap for borna er:
-
ete sunt
-
pusse tennene
-
handvask etter do-besøk
-
kroppen vår treng aktivitet
Gunn Randi snakka mykje om ”klisjete” mat som ligg lenge i tennene og difor bør bytast ut med andre matvarer så ofte ein kan.
Døme på slik mat: Nugatti, kveitebollar og kjeks
Gode matvanar som styrker tennene:
-
vatn til tørstedrikk
-
frukt og grønsaker
-
ingen mellommåltid
Dei to største syndarane mot god tannhelse for små born er flaskebruk (med anna enn vatn) og småeting mellom dei faste måltida.
Tannpuss
Barna i barnehagen pusser tennene sine kvar dag
etter frukost. Med det øver barna inn gode rutiner for
tannpuss.