MAT I BARNEHAGEN.
KOSTHALDET er eit viktig grunnlag for barna si utvikling. Med dette erkjenner vi at kosten er avgjerande for kva barna får ut av tida si i barnehagen.
-
Frokost: havregraut eller brødmat, grønsaker
-
Mjølk eller vatn til måltid: Barna kan velge, men det er vaksne sitt ansvar å passe på at måltida totalt vert fullverdige.
-
Vatn som tørstedrikk – alltid
-
Drikkeflasker til tur
-
Ingen juice pga allergi, syre- og sukkerinnhald
-
Masse frukt og grønsaker kvar dag – fleire slag:
Barna får velge, men vert oppmuntra til å prøve nye sortar -
Varm lunsj kvar dag: variert i løpet av ei veke
-
Bevisst val av pålegg: unngå sukker, inn med protein, rett feitt osb
-
Bursdagsfeiringar. Vi har oftast fruktfest der barna kan velge mellom fruktspyd, smoothie eller anna som er frukt- eller bærbasert. Næringsgod pizza er også eit ok alternativ, og erstattar den varme lunsjen den dagen.
Maten er ikkje det viktigaste i ei bursdagfeiring: Barnet får vere i sentrum, får mellom anna velge aktivitetar, leikar.
Vi lager mest mulig mat frå "grunnen", minimalt med halv-og heilfabrikat.
Vi kjem aldri til å bli fanatiske, men på grunnlag av det vi veit om kost, gjer vi vårt beste for barna.
"Sjølsagt smøre vi nistepakken sjølv, ka trudde du - di gamle fjøl"