Modell

Sætra Barnehage er i utgangspunktet ein avdelingslaus barnehage som er godkjend for inntil 44 plassar.
Barnehagen er stadig i endring og utvikling. Då barnehagen vart opna, var barnehagen ein sonemodell.  I dei seinare åra, ser vi at den største søkarmassa til barnehagane er barn under 3 år, då helst eitt-åringar. Dette gjer at vi må tenkje annleis. I dagens utgåve av barnehagen, jobbar vi mest i aldersinndelte grupper. Vi jobber for å skjerme dei yngste delar av dagen. Dei yngste treng ro, tryggheit, stabilitet og oversikt.  Dei eldste treng andre utfordringar som gir rom for kreativ leik, forming, rolleleik. Samstundes treng dei eldste andre utfordringar motorisk, sosialt og kognitivt. Vi er samla som ei gruppe tidleg morgon og sein ettermiddag. Vi har faste voksne på kvar gruppe; ein pedagogisk leiar og 2-3 assistentar.

 

I uteleiken er vi mykje saman, der ser vi at dei store hjelper dei små, og dei små hjelper dei store. Det er mykje lærdom i å vere i lag, dette ser vi på som svært verdifullt!

Plassar

PLASSAR - Vi tilbyr 5, 4, 3 dagar.  4 dagars plass gir ikkje rett til kontantstøtte.

ANTALL - Barnehagen er godkjent for 44 born på heildags opphald, 26 over og 18 under 3 år. 

SØSKEN vert prioritert ved nytt inntak.

Fast plass

Fast plass tyder at du har plassen så lenge du har behov for det. Søsken vert prioritert ved nytt inntak. Du kan ha permisjon eitt år, og likevel behalde plassen dersom du ønskjer det.​

© 2016 Sætra Barnehage

Sætra Barnehage

Onglasætra 18, 6065 Ulsteinvik | +47 700 10002 | post@saetrabarnehage.no​​